Då er eg mutters åleine her i det langstrakte land i fem veker medan Hilde er ute og opplever verda. Ho er no i Etiopia og skal være der ei stund før dei dreg til Kenya og kjem heim om fem veker… Ein kompis av meg, Jan Henrik, er i same situasjon, så me bestemte oss for å opprette ein midlertidig ungkarsklubb for å holde saman i tykt og tynt. Riktig nok utan andre hensikter enn det sosiale..
Elles er det fest og glede til helga. På fredagen er det gospelnight med Ole Os som talar og på laurdag skal Framnesrussen arrangere den årlige talentiaden. Med eit fullspekka program ser det ut til å bli ei kjempehelg!

Du må helse til masse til Ole Os frå Anne på Vestborg
Muligheter for å søke medlemskap i ungkarsklubben? er det mange medlemmer? er det en gøy klubb? hvor mye koster det?? Blir det boller og brus på møtene??