Thomas ruler!
Jammen har ikkje guten gått hen og blitt interessert i enda ein kjekk liten ting; leirdueskyting. Det heile tok til på laurdag. Då var det guttetur til leirduebanen på Melstveit i Øystese, der me hadde ein intern skytekonkurranse. Resultatet vart rett over midt på treet for min del. Har ikkje vorte mykje, verken jakt eller skyting, sidan jegerprøven, så det var artig å kome litt i siget igjen. I dag var Hallvard, Thomas og meg tilbake igjen på trening for å prøve litt meir, og det var kjekt!
Trur du ikkje Thomas gjekk hen og slo både meg og Hallvard så det sang…? Han var til og med den som fekk flest treff på rad i sitt lag! Eg og Hallvard var ikkje verre på det enn at me meldte oss inn i Øystese Jeger og Fiskarlag me, så no vert det trening framover og så plutselig jakt!
Du kan følge kommentarer til denne posten via RSS 2.0. Du kan skrive en kommentar, eller legge igjen et tilbakespor fra din blogg.



SYYYYKT DIGG! KARA! 18/25! jaja, sykt klar for i morgen! Kanskje papsen blir med!
Og jentene får framleis ikkje lov å vera med?? Kanskje me burde arrangera ein girls-night @skytebana
Kan jenter skyta då?