Archive for the ‘Nyhende’ Category

Hurra for..

tirsdag, mai 18th, 2010

..restplasser på charter-ferie!

Foto: Andreas Eide

..konfirmasjonsbilete

Foto: Andreas Eide

..overskya vér!

Foto: Andreas Eide

..kroatisk vaktmester

Foto: Andreas Eide

..sirkus i hotell-hagen

Foto: Andreas Eide

Foto: Andreas Eide

..kompisen i treet

Foto: Andreas Eide

Eg har det strålande flott her nede i lag med tre gode venar. Bur på eit flott hotell, dykker, tek bilete, går på line, sightseeing, tek sauna, shopper og meget annet. Alt er billeg og det er chill. I morgon har me leigd bil og skal reise til Dubrovnik via Bosnia.

Grettduhei!

Upcoming avbrekk

fredag, mai 14th, 2010
Split

Split, Kroatia

I morgon (laurdag) kl. 0600 letter det eit fly med fire glade venar med Split i Kroatia som reisemål. Det vert spanande å sjå kva det er å finne på og ikkje minst sjå og oppleva der nede. Håper på å få dykka litt! Planen er å være der ei veke fram til neste laurdag igjen, så det vert diverre ingen 17. mai-tur til Kvitingen i år..

Gratulerar

tirsdag, mai 11th, 2010

med ny utsjånad på vevloggen kjære!

Foto: hildekleven.blogspot.com
Foto: hildekleven.blogspot.com

Gode tider og gode minner

lørdag, mai 8th, 2010

Dagane forsvinn fortare enn eg klarar å henge med for tida.. Det er mykje å gjer, men og mykje tid til å gjer det ein vil. Med den jobben eg har er det som regel det, det gjeld berre å utnytte den tida ein har før ein skal på jobb på ettermiddagen som regel.. Det er jo freistande å sove frampå etter lange netter..

For lange netter, det blir det av og til. I går kveld dreiv eg å rydda i kjelleren når eg fann nokre lysdiodar og holdere eg bestillte for å lage til nattlys i taket på bilen. Så då bestemte eg meg for å dure i veg og sjå om det gjekk an. Eg lodda i saman tre dioar og ein motstand, monterte dei i holdere, bora hol i taket, monterte diodane og trakk kabel ned til bryter og straum. Og vips, så var det ferdig. Problemet var berre at det hadde blitt lyst ute før eg var ferdig, så eg fekk ikkje sett det heilt ferdig, men sånn er det. Tida fyk når ein har det kjekt.

Nattbelysning

Nattbelysning

Det er vist mykje valg-snakk om dagen, både innlands og utenlands. Då er det veldig greitt å ha fått seg ein database med selgere og spørreundersøkelsesbyrå på over 5000 nummer. Det er godt det er nokon med for mykje fritid her i landet!

Sjekk ut www.telefonterror.no

Telefonterror

Telefonterror

Fann eit fint bilete frå i fjor sumar når eg bladde litt i samlinga i dag. Eg gler meg til sumarferien! Slik det ser ut no vert det mykje jobbing, men det tar me på sikt.

Bømlo '09

Bømlo '09

Det vart tidleg seng i natt vist. Skal på båtfører-teori stort sett heile dagen i morgon, så då gjeld det å henge med i svingane!

Snakkis ….is !

Gøy med slakk line!

mandag, april 19th, 2010

Slakklina er kome fram og livet er berre velstand!
Den kom på torsdag, men eg fekk ikkje henta den før fredag og prøvd den før laurdag. Første gongen vart ei litt spesiell oppleving:
Eg rigga den opp heime hjå Hilde, gjekk eit par gonger før eg gjekk inn og åt middag. Det var sol ute og god stemning. Riktig nok litt vått gress, men det skulle bare mangle her på vestlandet! Når eg kom ut igjen, ca ein halv time seinare var heile lina dekt av snø og det snødde sidelengs!

Foto: Hilde Kleven

Klima-uavhenging linegåing

“Ungkarsklubben” kjekk og grei

torsdag, februar 18th, 2010
Hilde

Ven og vakker

Då er eg mutters åleine her i det langstrakte land i fem veker medan Hilde er ute og opplever verda. Ho er no i Etiopia og skal være der ei stund før dei dreg til Kenya og kjem heim om fem veker… Ein kompis av meg, Jan Henrik, er i same situasjon, så me bestemte oss for å opprette ein midlertidig ungkarsklubb for å holde saman i tykt og tynt. Riktig nok utan andre hensikter enn det sosiale..

Elles er det fest og glede til helga. På fredagen er det gospelnight med Ole Os som talar og på laurdag skal Framnesrussen arrangere den årlige talentiaden. Med eit fullspekka program ser det ut til å bli ei kjempehelg!

Respekt

fredag, januar 22nd, 2010

No er eg undervegs til Oslo med russen på turnè og det er god stemning!
Respekt til Silje som har med seg eit bra schwært sminkespeil i veska si..!

Godfølelsen

lørdag, desember 19th, 2009

No har eg nett hatt ei fantastisk stund ute. Den første snøen har lagt seg på vegen og stemningen er magisk. Det var godt å kjenne lyden av snø som “knasar” under beina på ein..!

No er eg klar for ny jobbehelg, skal bli kjekt! Litt rolegare no..

Her er eit bilete av kyrkja som er naboen min:

Jobbehelg med stor J.

lørdag, desember 12th, 2009

Fredag:
Framnes 15.00-02.00

Lørdag:
Mo Sport 09.00-15.00
Framnes 15.30-02.00

Søndag:
Mo Sport 14.00-17.00
Framnes 17.00-22.30

Back in business.

fredag, desember 11th, 2009

I går fekk eg ein kjekk telfon(samtale). iPhone-reklamasjonssaken var endelig “løyst” og det var kome ein ny telefon til meg. God gang fiskestang! Det merkelige er at eg ikkje har høyrt noko frå nokon på noko tidspunkt i prosessen.. Bønnesvar =)

No sit eg på rommet til Anna og Helene og ser på at Anna rydder rommet for helga. Eg gler meg til denne helga kjenner eg :)

Pepperkakebaking i morgon etter boller ;)