Den siste tida har eg vore ein lukkeleg eigar av ein iPhone. Det er eg framleis, men i dag såg eg det naudsynt å levere den frå meg. Det var begynnt å danne seg små sprekker i plasten rundt kantene og krom-lista var begynnt å løsne. #AppleFail! Skuffande at dei ikkje klarar å levere eit produkt som varar lengre enn eit par veker! Så no er det back to old business utan verda i lomma. Ingen pinsle det, eg har overlevd verre ting. Det er ingen har de så godt som me har det, sjølv når me har det som verst!
