Rusk i forgasseren?

Her kjem ei lita historie frå i dag:

Kyosho GX12

Kyosho GX12

Eg og Jan-Henrik (”Henriksen”) stod å lurte på livet i kjellaren min. Det var då eg såg den. Bilen. Ein gammal, sundplukka, dele-fattig radiostyrt bil som berre hadde stått å samla støv i heile år. “Klarar eg å få liv i den motoren?”, tenkte eg. Eg drog fram “hjuldyret”, som Arne Sørheim ville sagt, løsna motoren frå bilen og såg på den frå forskjellige vinklar. “Kyosho GX 12″ stod det på den. I ein av fleire bokser med deler fann eg ein ny glødeplugg og planta den fint oppi motoren. Deretter satt eg på nye bensinslanger, kobla de til ein tank med bensin, renska stempelet for drit og drog det eit par runder rundt medan eg holdt for eksospotta (slik at det vart trykk på bensintanken og det kom bensin inn i motoren). Henriksen stod å klødde seg i hårfestet sitt og lurte på korleis dette skulle gå, men innerst inne var han nok positiv.

Etter at gløderen stod trygt plassert på glødepluggen drog eg fast og bestemt i startsnora igjen. Ingen respons. Ingen respons. Så; BÅNN GASS! Jammen vart det ikkje liv i den vesle myggen. Nøgd som eg var tok eg den med ut på luftetur medan den putla og gjekk=)

Du kan følge kommentarer til denne posten via RSS 2.0. Du kan skrive en kommentar, eller legge igjen et tilbakespor fra din blogg.

3 kommentarer »

 
  • Barbro sier:

    Gratulerer! men istedetfor å la den samle støv til nå, så kunne du bare kommet til meg med den, hadde fikset gosaken på et blunk jeg vettu ;)

  • MacEide sier:

    Takk=)
    Ja, det var jo og eit alternativ. Tanken slo meg ikkje…
    Du hadde nok fått god fres i den du ja!
    Kven veit? Kanskje eg bygger saman bilen igjen, så har jo du plutselig noko å leike med ;)

  • [...] hadde eg fikla litt med motoren for å få den til å gå, og det klarte eg jammen (les meir her). Me stod å spøkte med at me skulle bygd den om til ein “drifter” og jammen har me [...]

 

Legg igjen et svar

XHTML: Du kan bruke disse taggene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>