Profil
Gutten som aldri runder 80kg - Det er meg det
![]()
Mitt liv på verdsveven tok til for mangen år sidan (litt merkeleg å kunne sei det, føler meg gamal…). Sidan den gang har det berre gått ein veg og det er mot der eg er i dag; i militæret (wannabe) i hardt arbeid. Eg jobbar som miljøarbeider på Framnes Kristne vidaregåande skule i vakre og vene Hardanger. Elles har eg eit rips på si som heiter Hilde og er veldig blid.
Då eg var lita, kunne eg ikkje gå igjenom ei dør utan å sjå korleis låsen verka, om den gjekk heilt igjen eller kva for ein låsemekanisme den hadde. Så seier i alle fall ho mor. Det er vel noko eg trur har følgt meg vidare (misforstå meg rett her), nemleg nyfikenleiken på korleis ting fungerar osv. Har alltid hatt ein indre lyst til å knote med ting og det har resultert i “mykje løye” som dei seier her utpå bygda.
Eg er ferdigutdanna idrettselev (og ved Framnes KVGS) som no nyt livet til det fulle. Elles jobbar eg innimellom hjå papen, for Crispi og elles der eg får tilbod.
No står vinteren for døren (endeleg!) og det innebærer for min del mykje skikøyring. Det er noko eg set stor pris på, og kva kan vel være betre enn å ha det som jobb? Nei, det klarar ikkje eg å sjå for meg…
Sånn elles er det mykje rart eg fyller dagane med; stort sett berre fantasien og timane i døgnet som set grenser. Det blir ein del jobbing
- Jobbar med ymse heimesider (framnes.vgs.no, maceide.com ++)
- Dykking
- “Buldring” (mitt begrep på å skru, koble, mekke og leike meg)
- Fotografering
- Være på jobb (t.d. henge på internata og anna strevsomt arbeid…)
Jadaneida. Joda. Ja. Jo. Så flott atte. Jada. Åja. Javisstja. Opplett ja? Massevis. Trygd og greier. E’ så flott atte. Jada. Jah.


Kommentarer er stengt.