4. april 2009

Chillout
Siden sist har påsken stengt igjen og eg har vore ute på reis. Eg var med på årets russeturné og det var knall! Årets avgangskull er ein herleg gjeng som verkeleg kan kunsten å få til ting og samstundes ha det kjekt! Me var i bl.a. i stavanger sentrum og hadde bøssebæring, vaffelsal, linegang og trial-sykling. God stemning!
Etter å ha landa heime igjen, så gjekk det ein dag, før det var ut på ny reis. Denne gangen mot Sotra og Bildøy bibelskule der eg no er på kurs. Arbeidersamlingen, eller “.no” som det heiter no, er eit kurs/samling for alle som jobbar med barn og ungdom i indremisjonen. Veldig mongen gode seminar, så det er god stemning!
Tags: jobb, kurs, russ, turne
Lagt inn i Ukategorisert | Ingen kommentarar til no.. »
4. april 2009
Då er den offisellt i gang!
Eg har endeleg landa heime og nyter tilværet i sofaen medan eg vert servert speilegg til kvelds av ho mor. Ikkje feil, ikkje feil.
Til no har eg hatt besøk av mi kjære Hilde og vore i eit fantastisk bryllaup til Karia og Daniel. Det var kanonflott!
Overnattinga gjekk for seg hjå familien Kalvenes og det var stas!
Seinare ventar skitur, dykking, påskemåltid og kos.
God påske alle saman!
Lagt inn i Ukategorisert | Ingen kommentarar til no.. »
3. mars 2009
No sit eg prøvevakt for ein bra samling med norsk ungdom. Dei stakars, må sitte der å tvinge ut kunnskapen dei skal ha tilegna seg på kort tid, medan eg heldiggrisen kan sitja her og ta det fullstendig med ro. Det er ein heilt grei følelse det!
Forresten; det er fredag den 13. i dag… Har du opplevd noko løye?
Tags: fredag 13, skule, Tankespinn
Lagt inn i Ukategorisert | 2 Kommentarar »
3. mars 2009

...for dei to beste årene i mitt liv!
Tags: feiring, hugleik, kjærleik, love, von
Lagt inn i Nyhende | Ingen kommentarar til no.. »
2. februar 2009

Berre sånn om du lurte...
Tags: humor, klokke, random, tull, tøys
Lagt inn i Ukategorisert | Ein kommentar »
2. februar 2009
Lagt inn i Ukategorisert | Ein kommentar »
2. februar 2009
Dagens skule har vorte veldig web-basert. Ein skal finne stoff på nettet, ein surfar i timane (kjedelig?), leksene finn ein på it´s Learning og i det heile. To av dei store “nettsamfunna” er Facebook og it´s Learning. Eller “it´s’en” er vel meir ein læringsplatform, men skitlagå.
I går kom Karia med ein lur idé; kva med å slå i saman desse? Det hadde kanskje vore noko? Tenk så mykje lettare for alle…

Tags: Bilete, facebook, it´s learning, nettsamfunn, tankar
Lagt inn i Ukategorisert | 2 Kommentarar »
2. februar 2009

Magisk utsikt!
Søndag var ein dag som eg i utgangspunktet ville bruke til å slappe maks av etter ei litt slitsom arbeidsveke (inkludert laurdag). Tanken var å gjera minst mogleg mest mogleg, men slik vart det på ingen måte…
Det endte med at eg reiste med ein gjeng elevar og lærarar på topptur til Torefjell og det trur eg var den beste avkoblingen eg har hatt på aldri så lenge! Fysisk slitsomt var det jo til dels, men jammen så godt det var å kome seg ut i guds frie natur! Været og utsikten var av ypperste klasse og den tørre nysnøen kilte under fellene.

Matpause på veg til Torefjell
Årets første topptur var ein kjempesuksess!
Les/sjå meir her.
Tags: avkobling, foto, ski, topptur
Lagt inn i Bilete, Ukategorisert | Ingen kommentarar til no.. »
1. januar 2009

Han ser skumlare ut en han er.
Tags: bers, bursdag, hurra
Lagt inn i Ukategorisert | 2 Kommentarar »