På g: Google Wave

Google Wave
Som tittelen seier, så er det Google Wave på g (g=gang). Eg klarte å få tak i ein invitasjon for ca. to veker sidan og laga meg til ein konto, men den forsvann avdi eg sletta Google-kontoen min for å renske opp i saker og ting her ein dag. Ergo: no har eg klart å få tak i ein invitasjon igjen og er på god vei mot å utforske denne nye kommunikajsons-plattforma som Google har brukt dei siste to åra på å utvikle. Sit du no og lurar på kva eg eigentleg snakkar om sjå sjekk ut denne lenka.
Dei påstår at dei har funne opp e-posten på nytt, og på mongen måtar har dei rett i det. Det er mykje lettare å få med seg innholdet samanlikna med eposter som har blitt sendt i hytt og gevær mellom folk. Dei er som oftast veldig rotete sitert og vanskelege å skjøna samanhengen i. Ein kan til dømes spele av “historikken” i samtalen, altså kven som skreiv kva og kortid dei skreiv det osv. Ein annan fin ting ved grensesnittet, er at ein kan sjå kva folk skriver i sanntid. På den måten slepp ein å sitje å vente på at den/dei andre parten/partane skal bli ferdige med å skrive, før du kan svare. Tenk berre kor mykje tid du eigentleg brukar berre på det når du feks. chattar!
Dette var berre nokre få tankar ikring Google Wave. Eg gler meg veldig til å sjå fortsetjinga og kvar vegen vidare går, ettersom det fortsatt er ein veldig tidleg BETA.
Kven veit? Om 4-5år er det kanskje ikkje nokon som brukar dagens mail i det heile?


november 18th, 2009 at 10:18
Sjekk heller ut denne!