Ka søren?

Onsdagen denne veka var kjedelig.. Når ein ikkje er i toppform og held seg heime for å prøve å bli betre, vert ting fort keisamt. Lei av Facebook, Twitter, TV og alt anna. Det medførte at eg, tru det eller ei, begynnte å vaske klede! Etter det skjøna eg at eg måtte koma meg vekk, så eg varma opp bilen medan eg hang opp kleda til tørk.

Foto: Flickr.com/cseanburns

Foto: Flickr.com/cseanburns

Etter 2t og kolonnekøyring i store omvegar, stod eg til slutt trygt parkert i Prahls vei 18. Der vart eg møtt av eitt stk. trøtt tryne og ein stk. kommentar som høyrtes slik ut “Ka søren!?”. Då kjennde eg at det var godt å kome fram..

Takk for turen!

Leave a Reply