Dagane forsvinn fortare enn eg klarar å henge med for tida.. Det er mykje å gjer, men og mykje tid til å gjer det ein vil. Med den jobben eg har er det som regel det, det gjeld berre å utnytte den tida ein har før ein skal på jobb på ettermiddagen som regel.. Det er jo freistande å sove frampå etter lange netter..
For lange netter, det blir det av og til. I går kveld dreiv eg å rydda i kjelleren når eg fann nokre lysdiodar og holdere eg bestillte for å lage til nattlys i taket på bilen. Så då bestemte eg meg for å dure i veg og sjå om det gjekk an. Eg lodda i saman tre dioar og ein motstand, monterte dei i holdere, bora hol i taket, monterte diodane og trakk kabel ned til bryter og straum. Og vips, så var det ferdig. Problemet var berre at det hadde blitt lyst ute før eg var ferdig, så eg fekk ikkje sett det heilt ferdig, men sånn er det. Tida fyk når ein har det kjekt.
Det er vist mykje valg-snakk om dagen, både innlands og utenlands. Då er det veldig greitt å ha fått seg ein database med selgere og spørreundersøkelsesbyrå på over 5000 nummer. Det er godt det er nokon med for mykje fritid her i landet!
Sjekk ut www.telefonterror.no
Fann eit fint bilete frå i fjor sumar når eg bladde litt i samlinga i dag. Eg gler meg til sumarferien! Slik det ser ut no vert det mykje jobbing, men det tar me på sikt.
Det vart tidleg seng i natt vist. Skal på båtfører-teori stort sett heile dagen i morgon, så då gjeld det å henge med i svingane!
Snakkis ….is !



Haha, ser ut som om det er jeg som er telefonterroren her:P
Jeg finner ikke den røde fleecen min forresten, gi en lyd hvis den dukker opp en plass;)