Slakklina er kome fram og livet er berre velstand!
Den kom på torsdag, men eg fekk ikkje henta den før fredag og prøvd den før laurdag. Første gongen vart ei litt spesiell oppleving:
Eg rigga den opp heime hjå Hilde, gjekk eit par gonger før eg gjekk inn og åt middag. Det var sol ute og god stemning. Riktig nok litt vått gress, men det skulle bare mangle her på vestlandet! Når eg kom ut igjen, ca ein halv time seinare var heile lina dekt av snø og det snødde sidelengs!
