Til jul i fjor fekk eg (og resten av familie inkl. onkler, tante og søskenbarn) ein all-inclusive sydentur av mormor og morfar. Jammen er eg heldig!
Hoppe-pose i random by
Turen gjekk til Spania, nærare bestemt Kanariøyene og Anfi i Arguinegín. Der budde me i ein penthouse-leilighet i toppen av heile komplekset. Det var fillen ikkje feil!
Då eg ikkje er den aller største strandløva, brukte eg tid på andre ting som dykking og henge med Marit Johansen. Marit gjekk i klasse med meg i tre år på Framnes og jobber frivillig som barne og ungdomsarbeider i sjømannskyrkja på øya. Det var kjempestemning! Var på roadtrip rundt på øya og fekk sjå og oppleva mykje fint og mykje løye.
Dykkingen der nede vart verkeleg kjekk! Var litt skeptisk i utgangspunktet, ettersom eg har høyrt mykje forskjellig om vektlegging av sikkerhet mongen andre plassar i sydlegare strøk. Det viste seg at eg ikkje hadde nokon grunn til å bekymre meg. Instruktørane og guidene var dyktige. Det var heilt i orden at vatnet var fire gongar så varmt (minst!) som heime (26 grader !). At sikten var strålande (som regel) og det marine livet florerte rundt ein gjorde det heile til ei upåklagelig fin oppleving! Å dykke på vrak var ei spesiell oppleving, ettersom det er vanskelegare å få til i Noreg, då dei som regel ligg ein del djupare enn brukar å oppholde meg. På det siste av mine 5 dykk, hadde eg med meg ein fotograf som tok bilete av meg. Her er eit av fleire blinkskot han sat att med etterpå.
Ha ein fin kveld!

