Author Archive
God tur til finvéret!
søndag, oktober 4th, 2009Godlyden.
torsdag, september 24th, 2009What to do lissom?
søndag, august 30th, 2009Etter at eg idag kom heim ifrå eit fint besøk hjå Hilde, tok eg til å pakke ut meir av tinga som stod i esker rundtom i leiligheita (rart med det, men det er ein del!). Til slutt vart eg beint fram ganske sliten av det heile, og ettersom klokka no nærma seg 7 og eg ikkje hadde hadde ete sidan frukost, merka eg at det ikkje var mykje energi til overs. Det var ikkje mykje middags-material å skryte av i hverken frys eller kjøleskap. På ein søndag lar det seg ikkje fylle opp så lett heller, så då vart det bestillt ein hamburger-meny på Alpino. Det var ikkje feil, det var strøkent!
Medan eg sat der og år kom eg på at eg trengte ein ladar/straumforsyning til ymse radiostyrte ting. Eit par dagar i forvegen hadde eg funne ein gamal straumforsyning eg røska ut av ei eller annan gamal datamaskin, så då laga eg meg ei 12v straumkilde av den.
God stemning!
Kos i byn.
lørdag, august 29th, 2009No sitter eg og (Hilde meinar at det skal være “og” og ikkje “å”, så då blir det “og”..) kosar meg i Prahls vei. Det er tent stearinlys og vinduet er på gløtt så ein kan høyre at regnet plaskar ned utanfor. Ein nyt synet av alle lysa frå Bergen by som glinsar om kapp. Blomsterbuketten på bordet tar seg ikkje så verst ut heller, om eg skal sei det sjølv..
God stemning!
God helg!
For ei velsigning!
onsdag, august 26th, 2009Du store tid så heldig eg har så har så flotte foreldre som eg har!
Dei tok turen i kveld for å hjelpe meg å “shine” opp i leiligheita og få flytta inn dei siste tinga, så no er det hakket meir trivelig her=)
Etter ein liten time på IKEA i lag med Hilde, stod me der med tre handlevogner.. Lett for! Så no har kåken min fått seg ei storvegs flott ny hylle med meir. Jammen har eg ikkje klart å fikse meg ny pult og! Skulle nesten ikkje tru det.
Dagens gullfunn.
torsdag, juli 23rd, 2009Verandapost.
torsdag, juni 4th, 2009No sit eg på verandaen og nyt utsikta over framnes i kveldingen. Ved min side har eg vakre Hilde som har vore så grei og lufta meg i dag =)
Tru det eller ei, men GX12′en har jammen fått seg ein real overhaling i dag! Plukka den sønder og saman for å reingjere den. Bit for bit vart dynka i fuel og tørka for drit, så no er den så rein som aldri tidlegare! Artig å sjå korleis oppbygninga er.
Vaska underplata for gamal fuel og drit så den skein godt!
Tenker det er kjekt for dåke med så mykje radiostyrt prat!?
Kjekt å være uvel.
onsdag, juni 3rd, 2009Eg er ikkje heilt i slaget om dagane eg. Eigentleg er eg ikkje sjuk, men har vondt i halsen og er tett i pappen, så eg tenker at det ikkje kvalifiserar til “sjukdom” men meir “uvel”..
Det er ein ypperleg anledning til å gjere det eg trur eg likar aller mest; skru og mekke. Nett no er det radiostyrt bil som står på tapetet. Har bygd om bilen min til ein bil med meir buggy-aktig eigenskapar, så no er den fresande artig å køyre på asfalt/grus. Eg senka demparane og hallverte antalet (frå 8 til 4) slik at den vart lavare og mjukare – ergo: ikkje tippar rundt (så lett).
Ein kveld kompis Jan Henrik var på besøk stod me nede i kjellaren og såg på eit gamalt vrak av ein bil.. Tidlegare hadde eg fikla litt med motoren for å få den til å gå, og det klarte eg jammen (les meir her). Me stod å spøkte med at me skulle bygd den om til ein “drifter” og jammen har me ikkje greidd det og!?
Etter å ha demontert den, vaska delene, smurt dei opp igjen og stelt motoren, skrudde eg stasen saman igjen. Eg hadde ein radiosett ekstra liggande som eg fann krystallar til og det funka strålande. Henriksen kom med nokre voksne dekk til framhjula, noko som både gjorde utseende morsomare og drifteeigenskapane betre
Det har rett og slett vore eit par gode dagar tross alt
Har til og med kjøpt meg ein ny bil som er på veg i posten! Så no har eg tre bilar; ein drifter/jalla/leikebil ein Savage 25 og ein Savage 3.5. Ein til å skru på og ein til å køyre med til ein kvar tid
Sjekk ut film frå prøvekøyringa av “drifteren” her:











