Author Archive

Teknologisk nedtur.

tirsdag, november 10th, 2009
Apple fail

Foto: Flickr.com/markbarky

Den siste tida har eg vore ein lukkeleg eigar av ein iPhone. Det er eg framleis, men i dag såg eg det naudsynt å levere den frå meg. Det var begynnt å danne seg små sprekker i plasten rundt kantene og krom-lista var begynnt å løsne. #AppleFail! Skuffande at dei ikkje klarar å levere eit produkt som varar lengre enn eit par veker! Så no er det back to old business utan verda i lomma. Ingen pinsle det, eg har overlevd verre ting. Det er ingen har de så godt som me har det, sjølv når me har det som verst!

Hjemme-mac.

lørdag, november 7th, 2009

Hjemme-macEg sit i sofaen heime og på bordet er det ikkje mindre enn 5 bærbare datamaskiner. Det er løye kva ein har i heimen gitt! Godt at fleirtalet har eit lysande eple på seg.

Ka søren?

lørdag, november 7th, 2009

Onsdagen denne veka var kjedelig.. Når ein ikkje er i toppform og held seg heime for å prøve å bli betre, vert ting fort keisamt. Lei av Facebook, Twitter, TV og alt anna. Det medførte at eg, tru det eller ei, begynnte å vaske klede! Etter det skjøna eg at eg måtte koma meg vekk, så eg varma opp bilen medan eg hang opp kleda til tørk.

Foto: Flickr.com/cseanburns

Foto: Flickr.com/cseanburns

Etter 2t og kolonnekøyring i store omvegar, stod eg til slutt trygt parkert i Prahls vei 18. Der vart eg møtt av eitt stk. trøtt tryne og ein stk. kommentar som høyrtes slik ut “Ka søren!?”. Då kjennde eg at det var godt å kome fram..

Takk for turen!

Fuglesang frå min gode ven.

tirsdag, november 3rd, 2009
Moderne fuglesang

Moderne fuglesang

Twitteriffic-logo

Twitteriffic-logo

For dei som ikkje har fått det med seg, så har det kome noko nytt å spanande på nettet som heiter Twitter. Dette nye (les: 2006) sosiale mediet er på ein måte litt likestillt med Facebook, men på ein annan måte veldig forskjellig. Ein kan dele ein statusbeskjed på 140 tegn som alle som følger deg (abbonérer på dine “tweets”) kan lese. Dette kan skje på dei aller fleste plattformar.

Twitter er engelsk og betyr ca. fuglesang.

Vil du høyre fuglesang frå min gode ven og kollega, så kan du høyre etter her.

Du kan lære meir om kva denne nymotens fuglesangen er i denne videoen.

Bortskjemt.

mandag, november 2nd, 2009
Monte Anfi

Monte Anfi

Til jul i fjor fekk eg (og resten av familie inkl. onkler, tante og søskenbarn) ein all-inclusive sydentur av mormor og morfar. Jammen er eg heldig!

Hoppe-pose i random by

Turen gjekk til Spania, nærare bestemt Kanariøyene og Anfi i Arguinegín. Der budde me i ein penthouse-leilighet i toppen av heile komplekset. Det var fillen ikkje feil!
Då eg ikkje er den aller største strandløva, brukte eg tid på andre ting som dykking og henge med Marit Johansen. Marit gjekk i klasse med meg i tre år på Framnes og jobber frivillig som barne og ungdomsarbeider i sjømannskyrkja på øya. Det var kjempestemning! Var på roadtrip rundt på øya og fekk sjå og oppleva mykje fint og mykje løye.

Dykkingen der nede vart verkeleg kjekk! Var litt skeptisk i utgangspunktet, ettersom eg har høyrt mykje forskjellig om vektlegging av sikkerhet mongen andre plassar i sydlegare strøk. Det viste seg at eg ikkje hadde nokon grunn til å bekymre meg. Instruktørane og guidene var dyktige. Det var heilt i orden at vatnet var fire gongar så varmt (minst!) som heime (26 grader !). At sikten var strålande (som regel) og det marine livet florerte rundt ein gjorde det heile til ei upåklagelig fin oppleving! Å dykke på vrak var ei spesiell oppleving, ettersom det er vanskelegare å få til i Noreg, då dei som regel ligg ein del djupare enn brukar å oppholde meg. På det siste av mine 5 dykk, hadde eg med meg ein fotograf som tok bilete av meg. Her er eit av fleire blinkskot han sat att med etterpå.

Magisk stemning!

Magisk stemning!

Ha ein fin kveld!

HalloVenn.

mandag, november 2nd, 2009

Alternativ og mykje meir stemningsfull feiring på Framnes.

Prahls vei 18 imponerer igjen!

fredag, oktober 16th, 2009

Fin utsikt gjennom eit skjete vindu.

L O L.

fredag, oktober 16th, 2009

Morgonstemning!

tirsdag, oktober 13th, 2009

Jadda!
Vinteren er i nærleiken!

Respekt.

søndag, oktober 11th, 2009