Author Archive
Deilige nattetimar
torsdag, august 26th, 2010Sånn generelt
onsdag, august 25th, 2010Eg har satt opp ei bilderamme med eit bilete eg likar godt. Elles kokar eg kaffi på ei flott ny kaffimaskin, reparerer ein sleten Opel Vectra A 2,0i 91-modell medan eg vurderar og snylte litt skattepengar frå NAV. Føler meg nesten litt som ein pensjonist. Har tid til det meste og generelt lite eg må gjer og god tid til å gjere det. Flott med andre ord!
Dagens bilete er random frå iPhone-samlinga. Ein iPhone som forresten selges som deletelefon om nokon er interessert.
På flyttefot!
søndag, juni 20th, 2010Eg er på ein aldri så liten flyttefot her heime og i den forbindelse må det ryddes for å få plass til nye ting. Steikje meg kor mykje rart ein har liggande, som ein eigentleg ikkje treng i det heile..!
Utenlandske bilete
torsdag, mai 20th, 2010Hurra for..
tirsdag, mai 18th, 2010..restplasser på charter-ferie!
..konfirmasjonsbilete
..overskya vér!
..kroatisk vaktmester
..sirkus i hotell-hagen
..kompisen i treet
Eg har det strålande flott her nede i lag med tre gode venar. Bur på eit flott hotell, dykker, tek bilete, går på line, sightseeing, tek sauna, shopper og meget annet. Alt er billeg og det er chill. I morgon har me leigd bil og skal reise til Dubrovnik via Bosnia.
Grettduhei!
Upcoming avbrekk
fredag, mai 14th, 2010I morgon (laurdag) kl. 0600 letter det eit fly med fire glade venar med Split i Kroatia som reisemål. Det vert spanande å sjå kva det er å finne på og ikkje minst sjå og oppleva der nede. Håper på å få dykka litt! Planen er å være der ei veke fram til neste laurdag igjen, så det vert diverre ingen 17. mai-tur til Kvitingen i år..
Gratulerar
tirsdag, mai 11th, 2010Gode tider og gode minner
lørdag, mai 8th, 2010Dagane forsvinn fortare enn eg klarar å henge med for tida.. Det er mykje å gjer, men og mykje tid til å gjer det ein vil. Med den jobben eg har er det som regel det, det gjeld berre å utnytte den tida ein har før ein skal på jobb på ettermiddagen som regel.. Det er jo freistande å sove frampå etter lange netter..
For lange netter, det blir det av og til. I går kveld dreiv eg å rydda i kjelleren når eg fann nokre lysdiodar og holdere eg bestillte for å lage til nattlys i taket på bilen. Så då bestemte eg meg for å dure i veg og sjå om det gjekk an. Eg lodda i saman tre dioar og ein motstand, monterte dei i holdere, bora hol i taket, monterte diodane og trakk kabel ned til bryter og straum. Og vips, så var det ferdig. Problemet var berre at det hadde blitt lyst ute før eg var ferdig, så eg fekk ikkje sett det heilt ferdig, men sånn er det. Tida fyk når ein har det kjekt.
Det er vist mykje valg-snakk om dagen, både innlands og utenlands. Då er det veldig greitt å ha fått seg ein database med selgere og spørreundersøkelsesbyrå på over 5000 nummer. Det er godt det er nokon med for mykje fritid her i landet!
Sjekk ut www.telefonterror.no
Fann eit fint bilete frå i fjor sumar når eg bladde litt i samlinga i dag. Eg gler meg til sumarferien! Slik det ser ut no vert det mykje jobbing, men det tar me på sikt.
Det vart tidleg seng i natt vist. Skal på båtfører-teori stort sett heile dagen i morgon, så då gjeld det å henge med i svingane!
Snakkis ….is !
Gøy med slakk line!
mandag, april 19th, 2010Slakklina er kome fram og livet er berre velstand!
Den kom på torsdag, men eg fekk ikkje henta den før fredag og prøvd den før laurdag. Første gongen vart ei litt spesiell oppleving:
Eg rigga den opp heime hjå Hilde, gjekk eit par gonger før eg gjekk inn og åt middag. Det var sol ute og god stemning. Riktig nok litt vått gress, men det skulle bare mangle her på vestlandet! Når eg kom ut igjen, ca ein halv time seinare var heile lina dekt av snø og det snødde sidelengs!



















