Archive for juni, 2009

Verandapost.

torsdag, juni 4th, 2009
GX12 - demontert

GX12 - demontert

No sit eg på verandaen og nyt utsikta over framnes i kveldingen. Ved min side har eg vakre Hilde som har vore så grei og lufta meg i dag =)

Rein underplate

Rein underplate

Tru det eller ei, men GX12′en har jammen fått seg ein real overhaling i dag! Plukka den sønder og saman for å reingjere den. Bit for bit vart dynka i fuel og tørka for drit, så no er den så rein som aldri tidlegare! Artig å sjå korleis oppbygninga er.

Vaska underplata for gamal fuel og drit så den skein godt!

Tenker det er kjekt for dåke med så mykje radiostyrt prat!?

Kjekt å være uvel.

onsdag, juni 3rd, 2009

Eg er ikkje heilt i slaget om dagane eg. Eigentleg er eg ikkje sjuk, men har vondt i halsen og er tett i pappen, så eg tenker at det ikkje kvalifiserar til “sjukdom” men meir “uvel”..

Det er ein ypperleg anledning til å gjere det eg trur eg likar aller mest; skru og mekke. Nett no er det radiostyrt bil som står på tapetet. Har bygd om bilen min til ein bil med meir buggy-aktig eigenskapar, så no er den fresande artig å køyre på asfalt/grus. Eg senka demparane og hallverte antalet (frå 8 til 4) slik at den vart lavare og mjukare – ergo: ikkje tippar rundt (så lett).

Ein kveld kompis Jan Henrik var på besøk stod me nede i kjellaren og såg på eit gamalt vrak av ein bil.. Tidlegare hadde eg fikla litt med motoren for å få den til å gå, og det klarte eg jammen (les meir her). Me stod å spøkte med at me skulle bygd den om til ein “drifter” og jammen har me ikkje greidd det og!?

Etter å ha demontert den, vaska delene, smurt dei opp igjen og stelt motoren, skrudde eg stasen saman igjen. Eg hadde ein radiosett ekstra liggande som eg fann krystallar til og det funka strålande. Henriksen kom med nokre voksne dekk til framhjula, noko som både gjorde utseende morsomare og drifteeigenskapane betre :)

Det har rett og slett vore eit par gode dagar tross alt :) Har til og med kjøpt meg ein ny bil som er på veg i posten! Så no har eg tre bilar; ein drifter/jalla/leikebil ein Savage 25 og ein Savage 3.5. Ein til å skru på og ein til å køyre med til ein kvar tid ;)

Sjekk ut film frå prøvekøyringa av “drifteren” her: