No sit eg på verandaen og nyt utsikta over framnes i kveldingen. Ved min side har eg vakre Hilde som har vore så grei og lufta meg i dag =)
Rein underplate
Tru det eller ei, men GX12′en har jammen fått seg ein real overhaling i dag! Plukka den sønder og saman for å reingjere den. Bit for bit vart dynka i fuel og tørka for drit, så no er den så rein som aldri tidlegare! Artig å sjå korleis oppbygninga er.
Vaska underplata for gamal fuel og drit så den skein godt!
Tenker det er kjekt for dåke med så mykje radiostyrt prat!?
Eg er ikkje heilt i slaget om dagane eg. Eigentleg er eg ikkje sjuk, men har vondt i halsen og er tett i pappen, så eg tenker at det ikkje kvalifiserar til “sjukdom” men meir “uvel”..
Det er ein ypperleg anledning til å gjere det eg trur eg likar aller mest; skru og mekke. Nett no er det radiostyrt bil som står på tapetet. Har bygd om bilen min til ein bil med meir buggy-aktig eigenskapar, så no er den fresande artig å køyre på asfalt/grus. Eg senka demparane og hallverte antalet (frå 8 til 4) slik at den vart lavare og mjukare - ergo: ikkje tippar rundt (så lett).
Ein kveld kompis Jan Henrik var på besøk stod me nede i kjellaren og såg på eit gamalt vrak av ein bil.. Tidlegare hadde eg fikla litt med motoren for å få den til å gå, og det klarte eg jammen (les meir her). Me stod å spøkte med at me skulle bygd den om til ein “drifter” og jammen har me ikkje greidd det og!?
Etter å ha demontert den, vaska delene, smurt dei opp igjen og stelt motoren, skrudde eg stasen saman igjen. Eg hadde ein radiosett ekstra liggande som eg fann krystallar til og det funka strålande. Henriksen kom med nokre voksne dekk til framhjula, noko som både gjorde utseende morsomare og drifteeigenskapane betre
Det har rett og slett vore eit par gode dagar tross alt Har til og med kjøpt meg ein ny bil som er på veg i posten! Så no har eg tre bilar; ein drifter/jalla/leikebil ein Savage 25 og ein Savage 3.5. Ein til å skru på og ein til å køyre med til ein kvar tid
Sjekk ut film frå prøvekøyringa av “drifteren” her:
Jammen har ikkje guten gått hen og blitt interessert i enda ein kjekk liten ting; leirdueskyting. Det heile tok til på laurdag. Då var det guttetur til leirduebanen på Melstveit i Øystese, der me hadde ein intern skytekonkurranse. Resultatet vart rett over midt på treet for min del. Har ikkje vorte mykje, verken jakt eller skyting, sidan jegerprøven, så det var artig å kome litt i siget igjen. I dag var Hallvard, Thomas og meg tilbake igjen på trening for å prøve litt meir, og det var kjekt!
Thomas imponerer!
Trur du ikkje Thomas gjekk hen og slo både meg og Hallvard så det sang…? Han var til og med den som fekk flest treff på rad i sitt lag! Eg og Hallvard var ikkje verre på det enn at me meldte oss inn i Øystese Jeger og Fiskarlag me, så no vert det trening framover og så plutselig jakt!
Eg og Jan-Henrik (”Henriksen”) stod å lurte på livet i kjellaren min. Det var då eg såg den. Bilen. Ein gammal, sundplukka, dele-fattig radiostyrt bil som berre hadde stått å samla støv i heile år. “Klarar eg å få liv i den motoren?”, tenkte eg. Eg drog fram “hjuldyret”, som Arne Sørheim ville sagt, løsna motoren frå bilen og såg på den frå forskjellige vinklar. “Kyosho GX 12″ stod det på den. I ein av fleire bokser med deler fann eg ein ny glødeplugg og planta den fint oppi motoren. Deretter satt eg på nye bensinslanger, kobla de til ein tank med bensin, renska stempelet for drit og drog det eit par runder rundt medan eg holdt for eksospotta (slik at det vart trykk på bensintanken og det kom bensin inn i motoren). Henriksen stod å klødde seg i hårfestet sitt og lurte på korleis dette skulle gå, men innerst inne var han nok positiv.
Etter at gløderen stod trygt plassert på glødepluggen drog eg fast og bestemt i startsnora igjen. Ingen respons. Ingen respons. Så; BÅNN GASS! Jammen vart det ikkje liv i den vesle myggen. Nøgd som eg var tok eg den med ut på luftetur medan den putla og gjekk=)
I går feira 17. mai på ein heilt ny måte og det gav verkeleg meirsmak! Me var ein delegasjon på 9 friske ungdommar som la i veg opp mot Tveitakvittingen kl 1000 i går tidleg. På vegen traff me fleire som allereie hadde vore der oppe. Sola steikte det den var god for og snøen var i ekte “påske-kvalietet” - deilig!
Siste kommentarer